I 2009 fekk Tor Benjaminsen ein telefon frå den kjente bilethoggaren Bård Breivik. Samarbeidet som følgde heldt fram over eit tiår og sjølv ikkje døden sette ein stoppar for det.
I 2009 jobba Tor Benjaminsen frå Bjørsvik hjå stålprodusenten Størksen Rustfri Industri. Ein dag fekk han ei oppringing som skulle sende han og selskapet i ei ny retning.
– Det var ein kar som ringde meg og introduserte seg så fint. Han heitte Bård Breivik.
– «Vil du vere med på noko litt sprøtt?», spurde han meg. Og då er det jo berre eit svar ein stril kan gje: «Ja».
Først seinare, fann Benjaminsen ut at Breivik var blant dei mest kjende bildehoggarane i landet.