Kort oppsummert
- SKU og Tertnes Holding har signert intensjonsavtale om å utvikla næringsparken på Sørstokken.
- Selskapa går no inn i ei kartleggingsfase for å finna aktuelle næringar, og kva kombinasjonar av verksemder som kan vera gunstig.
- Eigedomen på Sørstokken har fått verditakst på 42 millionar kroner.
- Tertnes Holding ser på sjansen til å bygga opp ein næringspark med djupvasskai og flyplass som unik.
– Avtalen blei signert i dag. Dette er eit stort første steg mot ei realisering av næringsparken på Sørstokken, seier dagleg leiar Randi Beathe Hovland i SKU AS.
Tertnes Holding er eit familieeigd investerings- og holdingselskap med hovudfokus på bygg/anlegg, industri og eigedom. Selskapet har hovudkontor på Eidsvåg i Åsane.